marknaden

GENERELL INFORMASJON
#Lærdalsmarknaden

Neste marknad:
Haustmarknaden 26-27 juni 2026

Frå tidlegaste tider har Sognefjorden, Lærdal og Filefjell vore viktig for samferdsla mellom aust- og vestland. Ferdselen førte med seg handel, kulturell utveksling og utvikling. Og framleis fører vegane til Lærdal…og dei historiske marknadane!

Foreininga Lærdalsmarknaden arrangerer tre marknader årleg; Lærdalsmarknaden (tredje helga i juni), Haustmarknaden (siste helga i september) og ein Julemarknad på nest siste laurdagen i november.

Hjarteleg velkomen til seljar og gjest - til ein handelsfest mellom aust og vest!

Haustmarknaden 2026

Velkomen kvar seljar og gjest!

Konsertshow med Eldar Vågan Trio!

laurdag 21.november
Frilund ungdomshus
Kl 18 og kl 20

Ein showkonsert for fire generasjonar!
«Perler for svin…e..ribbe!» er en showkonsert med Eldar Vågan + band på scenen med et musikkprogram med det beste av Vazelina, Eldar Vågan + det som skal være nødvendig i førjulstria. Eldar og Vazelina har spelt juleshow for snart fire generasjonar, so det er nok å ta av.
Eldar syng og spelar gitar og trekkspel
Even Finsrud syng og spelar trommer
Lars Tormod Jenset syng og spelar kontrabass.

NB! Eldar møter opp i foajéen en time før konserten for å møte publikum.
Billettar kan du kjøpe her

område

OVERSIKT OVER ULIKE MARKNADSOMRÅDE

miljø

MÅL OG OPPMODNINGAR

Lærdalsmarknaden vert arrangert midt i eit verna og autentisk trehusmiljø frå 1700- og 1800-talet. Dette, og at Lærdal er den kommunen i Sogn og Fjordane som no har flest miljøfyrtårnsertifiserte verksemder, gjer at me i kjenner eit ekstra stort ansvar for å betra miljøprestasjonane våre. Lærdalsmarknaden, Haustmarknaden og Julemarknaden har som hovudmål å minske miljøavtrykket vårt, og dermed redusere restavfall og den samla ressursbruken.

Me oppmodar gjestar og tilreisande til å reise kollektivt, sykle eller samkøyre, til og frå arrangementa. Vi har óg engasjert ei miljøpatrulje for å gjere det lettare for våre besøkande å bidra til eit miljøvenleg arrangement. Det er viktig for oss at marknadsområdet er ryddig, slik at alle får ei god oppleving. Bruk difor dei oppsette avfallsstasjonane!

Takk for at du medverkar for å nå våre miljømål!

FAQ

OFTE STILTE SPØRSMÅL